Vil du bli meddommar?

Ønskjer du å vere med på å ta avgjerd i rettssaker? VFjaler kommune oppmodar innbyggjarane som vil bli meddommar i perioden 2025-2028 til å melde sin interesse. 

God respons

Fjaler kommune har fått god respons og mange har meldt sin interesse. Men vi treng fleire kandidatar som vil stille til val av jordskiftemeddommar og skjønsmedlemmer. For å sikre ei alminneleg samansetjing, ønskjer Fjaler kommune å oppmode fleire kvinner til å melde sin interesse til desse verv. 

Meir informasjon om jordskiftemeddommarar og skjønsmedlemmer

 

Val av meddommarar

Kommunen skal i løpet av våren 2024 velje meddommarar til Gulating lagmannsrett, Sogn og Fjordane tingrett og jordskifteretten for perioden 01. januar 2025 – 31. desember 2028. I tillegg skal kommunen fremje forslag til skjønsmedlemmer som vert valt av fylkestinget. 

Korleis kan eg melde mi interesse? 

Innbyggjarane i Fjaler kommune vert oppmoda til å komme med framlegg om kandidatar til valet. Valperioden er fire år, 2025-2028. 

Er du interessert? Meld din interesse innan 22. april 2024 ved å fylle ut dette skjemaet: 

Skjema for innmelding av interesse til å bli meddommar 

Kva skjer vidare?

Etter at fristen for å melde interesse er ute, vert det henta inn vandelsattest for dei som ønskjer å vere meddommar. Deretter vert alle sett opp på ein liste som vert lagt ut til offentleg ettersyn i 14 dagar. Innan 1. juli skal kommunestyret velje meddommarar. Alle som har meldt sin interesse vil få eit skriftleg svar frå kommunen. 

Kva vil det seie å vere meddommar? 

Ein meddommar er ein person utan juridisk utdanning som deltek i behandlinga av ei rettssak på lik linje med domstolen sine eigne dommarar (fagdommarar). I avgjerda tel meddommarane sine stemmer like mykje som fagdommarane sine stemmer.

Domstoladministrasjonen har laga ein kort introduksjonsfilm om kva det vil innebere å vere meddommar i ein norsk domstol. Du kan sjå filmen her: 

Kven kan bli meddommar? 

For å bli meddommar må du:  

  • Snakke og forstå norsk, og elles vere personleg eigna til oppgåva
  • Ha fylt 21 år og vere under 70 år når du blir valt
  • Ikkje vere frådømd stemmeretten
  • Stå innført i folkeregisteret som busett i Fjaler kommune når valet blir gjennomført
  • vere norsk eller nordisk statsborgar, eller ha vore innført i folkeregisteret som busett i Noreg dei tre siste åra før kommunestyret gjer valet
  • ikkje vere under offentleg gjeldsforhandling, konkursbehandling eller konkurskarantene, jf. domstollova § 70 (3). 
  • ikkje vere dømd for visse straffbare forhold
     

Arbeidsmåtane i domstolane i dag tilseier òg at det er ein stor fordel at meddommarane kan bruke vanlege digitale verktøy. 

Utvala skal ha ei allsidig samansetnad, slik at det best mogleg representerer alle deler av befolkninga. Kommunen vert oppmoda om å auke andelen yngre meddommarar, og velje fleire med innvandrarbakgrunn. 

Kven kan ikkje bli meddommar?

Nokre yrkesgrupper kan ikkje vere meddommar, mellom anna stortingsrepresentantar, tilsette i Justisdepartmentet, påtalemakta og politiet, eller praktiserande advokatar. 

For fullstendig liste over yrkesgruppene som er utelukka frå val, sjå domstollova § 71 på lovdata.no 

 

Nokre straffereaksjonar fører også til at du ikkje kan vere meddommar.

Av domstollova § 72 på lovdata.no går det fram kva type straffereaksjonar det er.

 

Kor ofte møter ein meddommar i retten?

Talet på saker og korleis du blir peika ut kan variere ut frå kva slags type meddommar du er. Som alminneleg meddommar deltar du vanlegvis i 1-3 saker per år. Uttrekket skjer digitalt og tilfeldig.

 

Meir informasjon om medommarordninga

På nettsida til Norges domstoler finn du meir informasjon om meddommarvalet, og kva det inneber å vere meddommar. 

Gå til nettsida om meddommarar på domstol.no 

Ofte stilte spørsmål om meddommarvalet på domstol.no