Vegstenging Dalsåsvegen

Fjaler kommune skal gjennomføre sikring av fjellskjæringar i området mellom Fjellvegen og Dalsåsvegen, og i området mellom Dalsåsvegen og Nordisk kunstnarsenter.

Arbeid vil pågå fram mot sommarferien 2026. Når arbeidet pågår vil Dalsåsvegen vere stengd.

Stengetid og gjennomkøyring i veke 23

Arbeidet held fram i Dalsvegen også i veke 23. Dette er arbeidet som pågår no:

  • Bergsikring: Arbeid som pågår i Dalsåsvegen er innstøyping og testing av bolter
  • Skogrydding: vinsjing av skog/tømmer frå nedsida av Dalsåsvegen

Arbeidstid: Arbeidet pågår kvar dag frå klokka 07.00–19.00 i veke 23.

Opningstider for gjennomkøyring i Dalsåsvegen:

  • Ope for gjennomkøyring rundt skulestart ca. klokka 08.30 - 08.45
  • Ope for gjennomkøying ca. klokka 12.00–12.30
  • Ved skuleslutt rundt ca. 14.30 er det mogleg å gå forbi til fots, ein må då gje seg til kjenne og halde god avstad til maskiner og utstyr.
  • Ope for gjennomkøyring ca. klokka 15.45–16.15
     

Dersom alt går etter planen, vil arbeidet i Dalsåsvegen vere ferdig etter veke 23. Deretter blir arbeidet flytta til Fjellvegen. Ny oppdatering kjem når det nærmar seg.

Oppdatering av informasjon

Vi oppdaterer denne artikkelen ved endringar. SMS-varsling vert sendt ved behov til eigedomar som er direkte berørte.

Kart over skogrydding-området:

Kartet viser kva område skogrydding vi skje. Området er og forklart i artikkelen - Klikk for stort bilete

 

Kontaktperson:

Arne Strand: