Tilbod om sorggruppe for vaksne

Dersom du har mista nokon nære, eller kjenner nokon som har det, kan du vite at det er tilbod om sorggruppe for vaksne i Førde. Tilbodet er gratis.

Sorggruppe er eit tilbod til deg som har mista ein nærståande, og er ein stad der du kan dele tankar og erfaringar med andre i liknande situasjon. Gruppa vert leia av to fagpersonar. 

Oppstart er planlagt til 27. februar klokka 18.30 - 20.00 i Førde. Det vil vere seks samlingar, der gruppa møtast kvar andre veke. Det er eit avgresa tal plassar.
 

Påmelding innan 16. februar til:


 Arrangør er Helse Førde, den Norske kyrkja og Sunnfjord kommune.