Stenging grunna vedlikehald på bru til Lammetun

I samband med reparasjon av brufugene til Storneset hengebru (bru til Lammetun) må brua stengast i periodar. Arbeidet vil føregå hausten 2023 frå veke 34 (21. august) og til veke 44.

Fjaler kommune har inngått avtale med Beerenberg AS for å gjennomføre arbeidet. Desse planlegg å jobbe kvardagar frå 08.00-21.00 - ofte tar dei fri på fredagar.

Vegen er planlagt stengt mandag til fredag i tidsromma 8.30-15.00 og 16.30 til 21.00.

 

Informasjonsskriv innbyggjarar (PDF, 431 kB)