Søknadsfrist kulturminnemidlar

Det vart innført ein søkbar pott på 50 000 på kulturminnemidlar då ein innførte kulturminneplanen i 2019.  Denne har søknadsfrist 1. oktober - men sidan ordninga ikkje har blitt gjort ordentlig kjent så har vi utvida fristen til 15. november 2023.

  • Tilskot frå kulturminnemidlar skal støtte lokalt kulturminnearbeid.
  • Alle som driv med kulturminnearbeid i Fjaler kommune kan søkje støtte frå ordninga:
    - private eigarar og forvaltarar av kulturminne i kommunen. Eigarar og forvaltarar kan vere
    privatpersonar, stiftingar, frivillige organisasjonar og liknande.
    - privatpersonar, kommunale organisasjonar, frivillige lag og organisasjonar og andre lokale organ
    som driv med formidling av kulturminne.
  • Det er i år sett av 50 000 i ordninga
  • Ein kan søkje støtte til: 
    - Formidlingsprosjekt (kurs, opplæring, informasjon, og liknande).
    - Tiltak som restaurering, vedlikehald, bevaring og utvikling av kulturminne
  • Kriteria for tildeling: 
    - Kulturminne og tiltak som er del av gjeldande Kulturminneplanen for Fjaler kommune vert
    prioritert som i kulturminneplanen. Prioriterte område i gjeldande kulturminneplan er
    fornminne, særprega bygningsmiljø, industrihistoria og samferdsle og kommunikasjonar(sjå
    bakside)
    - Det vert vurdert som positivt dersom kulturminnet er tilgjengeleg eller synleg for allmenta

 

For meir informasjon om ordninga sjå her