ØVING – ØVING – ØVING: Varsel om øving i Dale 23. april

Torsdag 23. april frå kl. 16.45 til 20.00 vert det gjennomført ei stor samvirkeøving i Dale. Øvinga vil involvere mange aktørar og medføre stor aktivitet i området.

Øvinga vil føregå i Dale sentrum, men i hovudsak i området mellom Helsetunet og Beredskapshuset. Vi ber publikum om å ikkje oppsøke området utan at det er nødvendig.

Aktørar som deltek i øvinga er mellom anna: Brannvesen, Politi, Ambulanse, Sivilforsvar, Røde Kors, Hovudredningssentralen, Fjaler kommune (kriseleiing, legekontor og psykososialt kriseteam)

Konsekvensar for trafikk og nærmiljø:

  • Det vert trafikkdirigering ved sjukeheimen i retning Førde/Askvoll i tidsrommet 16.45 til 20.00.
  • Vegen kan bli stengd i opptil 10 minutt.
  • Det vil bli nytta blålys, helikopter, sekshjuling og drone og det må difor påreknast noko støy.
  • Besøkande til Helsetunet bør nytte parkering på baksida av bygget (mot sjøen) .
  • Om publikum har behov for å kontakte kommunen under øvinga kan de ringe:  Sentralbordet 48 14 71 71.


Vi oppmodar alle til å vise omsyn og følgje instruksjonar frå personell på staden!