Øving i søk og redning i badevika i Dale torsdag 4. juni

Det blir gjennomført øving i søk og redning i badevika i Dale sentrum torsdag 4. juni. Øvinga går føre seg frå ca. 17.00 til seinast 21.00

Det vil vere aktivitet med brannvesen, ambulanse og fritidsbåtar, og det vil vere personar i sjøen som del av øvinga. Ei dukke blir også brukt i søk, og skal hentast opp i båt av brannvesenet. Ser du denne på fjorden, skal du la den ligge og flyte – den er ein del av øvinga.

Det kan òg bli gjennomført hjarte‑ og lungeredning (HLR) på ei dukke i sjøkanten.

Av omsyn til tryggleiken oppmodar vi publikum om å halde avstand til sjøen.