Ledige sommarjobbar innan helse- og omsorg

Fjaler kommune helse og omsorg treng fleire ferievikarar i sjukeheim, miljøtenesta og heimetenesta i veke 25-32. Du må vere over 18 år.

Fjaler kommune har BONUSordning for dei som jobbar fire veker eller meir. Bonusordninga inneber eit tillegg på 4000 kroner for fire veker og 1000 kroner pr. veke utover dette.

Ta kontakt med oss så raskt som mogeleg.

Slik søkjer du:

Send ein kortfatta e-post der du skriv litt om deg sjølv og dine eventuelt tidlegare jobberfaringar.

Lurer du på noko, ta kontakt med tenestekontoret tlf 57 73 81 25

E-posten sender du til hanne.igelkjon@fjaler.kommune.no.