Informasjon om fugleinfluensa

Det er per 03.08.23 ikkje påvist fugleinfluensa i Fjaler kommune, men kommunen er i beredskap om det skulle bli oppdaga større mengder død fugl.

Melding til Mattilsynet ved mistanke om fugleinfluensa

Du melder frå ved å sende e-post til Mattilsynet om desse artane:

  • andefuglar (ender, gjess og svaner)
  • havsuler
  • måsefuglar
  • vadarar
  • rovfuglar (spesielt ørn og musvåk)
  • åtseletarar (kråkefuglar)
  • småfugl (kun ved mange døde fuglar på eit lite område)
  • rovdyr (primært observasjon av sjuke eksemplar av raudrev, fjellrev, artar i mårdyrfamilien, gaupe.
  • sjøpattedyr (ønskjer primært melding om observasjon av sjuke eksemplar av steinkobbe og havert.  

Les om symptom på fugleinfluensa på mattilsynet.no
 

Meldinga til Mattilsynet må ha informasjon om:

  • kommune, postnummer, adresse og helst også kartreferanse (som du kan finne i kartfunksjonen på mobiltelefonen din)
  • kva art det gjeld
  • kor mange fuglar det gjeld

Send meldinga på e-post til innmelding.fugleinfluensa@mattilsynet.no 

Sjølv om viruset svært sjeldan smittar til menneske er det viktig at ved tilfelle der du mistenker fugleinfluensa ikkje tar på fuglen eller lar kjæledyr kome i kontakt med den. Sjuk fugl skal vere i fred.

Dersom det blir påvist funn av fugleinfluensa i Fjaler kommune vil det bli organisert henting i regi av kommunen i samarbeid med Mattilsynet. Om dette vert aktuelt vil det bli informert om det på kommunen sin heimeside.

For meir informasjon sjå Mattilsynet sine heimesider: