Har du gamle bilete frå Fjaler ungdomsskule?

Vi er to arkitektstudentar frå NTNU som arbeider med eit masterprosjekt der vi utforskar mogleg ombruk av den gamle Fjaler ungdomsskule. I denne samanhengen er vi interesserte i bilete frå skulen som ein del av framstillinga av prosjektet. 

Dersom du har eldre bilete frå skuletida liggjande, set vi stor pris på å få dei tilsendt. 
 

Vi leitar spesielt etter:

  • Bilete av skulen slik han såg ut før (både inne og ute).
  • Bilete som viser opphavleg inventar, fargar og detaljar.
  • Bilete frå kvardagslivet, til dømes i korridorane eller klasseromma.

 

Bileta vil berre bli brukte i ein akademisk samanheng som ein del av prosjektheftet vårt. Om du har nokre bilete du vil dele, send gjerne ein e-post til: odajov@stud.ntnu.no

 

Med venleg helsing, 

Anne Elisabeth Østby og Oda Øvsthus 

Bygget til gamle Fjaler ungdomsskule - Klikk for stort bilete Margrete Reisæter