Frist for innspel til handlingsprogrammet til Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet

15. november er sett som frist for å komme med nye innspel til handlingsprogrammet.


Alle anlegg som det skal sendast søknad om spelemidlar på i 2023 må inn i handlingsprogrammet.  Dette gjeld både nærmiljøanlegg og ordinære idrettsanlegg (unnateke dette er orienteringskart, og skilting/merking av eksisterande turvegar, tur/skiløyper og turstiar)


 Frist for å levere inn spelemiddelsøknad for 2023 til Fjaler kommune er også 15.november 2023.


Dersom tiltak allereie står i handlingsprogrammet for 2022-2026 treng ein ikkje senda inn nytt innspel.  

Sjå link til gjeldande handlingsprogram: (PDF, 456 kB)


Krav dersom eit anlegg skal inn på prioritert liste over anlegg i handlingsplanen:
1. Eigarskap til anlegget
2. Riktig utforming og funksjonalitet
3. Rett til bruk av grunn
4. Omtale i kommunal plan
5. Kostnadar som gjev rett til tilskot og berekning av dugnadsverdi
6. Prosjektet må vera fullfinansiert
7. Plan for drift
8. Behovsvurdering

 

Sjå link til Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet (PDF, 2 MB)