Behandling av koronasjukdom med paxlovid tablettar

Medikamentet Paxlovid reduserer risiko for utviklinga av alvorleg Koronasjukdom. Behandlinga med denne skal startast innan 5 dagar etter at symptoma er starta. 

Følgande grupper er aktuelle for Paxlovid:

  • Personar med alvorleg immunsvikt. Eksempel er beinmargskreft eller lymfekreft, og behandling med medisinar som svekkar immunforsvaret
  • Personar over 80 år
  • Personar over 65 år som har alvorlege kronisk sykdommar, og som ikkje har teke vaksine siste halvåret
  • Personar som er over 50 år og aldri har teke koronavaksine
     

På helsenorge.no finn du meir informasjon om kven som har høg risiko og kva du skal gjere viss du blir sjuk 

Personar i utsatt gruppe kan ta sjølvtest og vidare ta kontakt med lege dersom testen er positiv

Personar som tilhøyrer risikogruppene og får symptom på koronasjukdom er tilrådd å utføre sjølvtest. Dersom denne er positiv tek ein kontakt med fastlege/legevaktslege for å få vurdert behandling.

Paxlovid blir levert ut på resept etter vurdering av lege

Askvoll apotek har medikamentet inne og det vert levert ut ved resept frå lege kostnadsfritt.
Imidlertid er det ei rekke forhold og undersøkingar som kan gjere at pasienten ikkje bør bruke denne medisinen, slik at alle må ha konsultasjon med fastlegen eller annan lege for vurdering. Dette kan gjerast via telefon.