Medverknad i planarbeidet

Kommunen skal legge til rette for medverknad. Innbyggarar, lag og organisasjonar, offentlege organ og andre interesserte har høve til å kome med innspel og merknader to gonger i planprosessen.

I dette planarbeidet fann hovudtyngda av medverknadsaktivitetar i samband med høyring og offentleg ettersyn av planprogrammet. Då arrangerte vi folkemøte og innbyggarundersøking. I løpet av våren 2025 var vi på Flekke og Dingemoenskule og hadde Barnetråkk.

Vi har også hatt ulike møter med folkevalde organ og politikarane. Oversikt over aktivitetane og resultata kan du lese her:

Innbyggarundersøkinga

I januar 2025 fekk vi inn heile 767 svar i innbyggarundersøkinga, som har vore med som grunnlag for samfunnsdelen og vil bli brukt i tenesteutvikling. 

Sjå resultata frå innbyggarundersøkinga. (PDF, 479 kB)

Barnetråkk

Arbeidsgruppa for samfunnsdelen gjennomførte Barnetråkk på Flekke og Dingemoen skule våren 2025. Tilsaman deltok 60 elevar i gjennomføringa.  Barnetråkk er eit verktøy der elevar enkelt kan registrere og kartfeste korleis dei brukar sitt nærmiljø. På den måten får vi barn og unge sine synspunkt inn i planarbeidet i kommunen.

Sjå resultata frå Barnetråkk i Fjaler 2025. (PDF, 334 kB)

Folkemøte

Januar og februar 2025 vart det halde folkemøte i samband med oppstart av samfunnsdelen. Det var folkemøte på Guddal, Våge, i Flekke og Dale. Møta var ein kombinasjon av informasjon og gruppearbeid. I tillegg vart same opplegget gjennomført for kommunestyre og internt i kommunen.

Sjå oversikt over alle innspel.  (PDF, 133 kB) 

Sjå oppsummering av alle innspela.  (PDF, 98 kB)

Arbeid i politiske utval

Formannskapet i Fjaler er planutval, men både formannskap og kommunestyre har vore involvert i prosessen på ulike måtar, blant anna ved grupperarbeid i kommunestyre, vedtak av oppstart og fastsetting av planprogram og arbeidsøkt om arealstrategi.  

I den politiske kalendaren til Fjaler kommune er det oversikt over gjennomførte møte i dei ulike utvala. 

Artikkelliste