Kunngjering av fastsett planprogram - kommunedelplan for Dale

I møtet 22. mai 2025 vedtok kommunestyret å fastsette planprogrammet for kommunedelplan for Dale. Det vedtekne planprogrammet legg føringar for komande planarbeid. 

Informasjon om planprogrammet

Planprogrammet gjer greie for bakgrunn, planavgrensing og føremål for planarbeidet. Hovudtema for planarbeidet inkluderer:

  • Bustad
  • Trafikk
  • Offentlege tenester (gravplass og omsorgsbustader)
  • Sentrumsutvikling
  • Samfunnstryggleik

I tillegg er utgreiingstema for konsekvensutgreiing ROS-analyse gjort greie for.

Les dokumenta i saka

Fastsett planprogram - kommunedelplan for Dale (PDF, 2 MB)

Oppsummering og vurdering av innkomne innspel (PDF, 131 kB)