Taksering av eigedommar

For fastsetjing av eigedomsskattetakst må den enkelte eigedom bli taksert.  
 

Korleis vert taksten berekna?

Taksten som er berekna for den enkelte eigedom er basert på fakta om eigedomen. Bygningstypar og bruksareal er gitt ulike sjablongprisar pr kvm bruksareal. I tillegg er det føreteke ei skjønsmessig vurdering av standard og byggeår. Dette er oppgjeve som vurderingsfaktor indre på skattetakstskjema. Bustadeigedomar og våningshus er gitt ein sonefaktor for å justere taksten for plassering i kommune. Det betyr at eigedomar som ligg i sone 2 har ein reduksjon på 20% i høve dei eigedomane som ligg innanfor sone 1.

Næring- og fritidseigedomar har ikkje reduksjon for beliggenheit.

Taksten vert og justert for tilhøve rundt eigedomen der det kan vere aktuelt. Dette er sett opp som vurderingsfaktor ytre på takstskjema. I Fjaler gjeld dette i hovudsak konsesjonspliktige landbrukseigedomar. Ved sidan av ein del faktaopplysningar som allereie finnast i offentlege register om eigedomen, er det gjort utvendig synfaring og vurdering av den enkelte eigedom. Sjå rammer og retningsliner for detaljar om takseringa.
 

Kva er måleverdig areal

Måleverdig bruksareal (BRA) er definert i Norsk Standard NS 3940. Alt areal innanfor ytterveggar er måleverdig. Det skal ikkje trekkast frå areal av veggar, rør og leidningar, sjakter, søyler eller liknande innanfor brukseininga. Areal under takutspring, td. svalgang skal reknast med.
 

Klage på fastsett takst

Det er mogleg å klage på fastsett skatt – frist for å klage er 6 veker etter at skattelista for skatteåret er kunngjort. Lista vert kunngjort innan 1. mars kvart år. Det er ikkje høve til å klage på same grunnlag fleire gonger.

Dersom det er faktafeil som skal korrigerast kan du ta kontakt med kommunen – dette vert justert fortløpande.
 

Rammer og retningsliner

Annikken Myklebust
Økonomisjef
E-post
Telefon 57 73 80 53
Mobil 91 88 62 07