Eigedomsskatt i Fjaler kommune

Eigedomsskatt er ein kommunal skatt som den enkelte kommune kan velje å skrive ut med heimel i Lov om eigedomsskatt (eigedomsskattelova).

Om eigedomsskatt

For fastsetjing av eigedomsskattetakst gjeld følgjande hovudprinsipp med samsvar til eigedomsskattelova § 8 A-2(1): «Verdet av eigedomen skal setjast til avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal». Det betyr at vi ved taksering skal komme fram til ein marknadspris som ein vil kunne oppnå ved fritt sal av eigedomen.

Fjaler kommune har skreve ut eigedomsskatt på alle eigedomar i kommunen sidan 2010. Den gong var det ikkje mogleg å nytte seg av bustadverdi frå skatteetaten. Det vart disfor gjennomfør utvendig oppmåling av alle eigeomar i kommunen i 2009\2010.

Ved taksering av nye eigedomar og endring på eksisterande eigedomar er det opplysningar i byggesaka som ligg til grunn. I Særskilte tilfeller vert det gjennomført synfaring også på nye eigedomar.

For skatteåret 2022 er satsen på bustad og fritidsbustad 4 promille av takstgrunnlaget, på næring og kraftanlegg er satsen 7 promille.  


Fakturering

Eigedomsskatten vert fakturert ilag med dei andre kommunale avgiftene og har i hovudsak 4 terminar pr. pr.

Enkelte eigedomar med låg utrekna skatt vert fakturert årleg. Eigedomar med utrekne skatt på kr 300 eller mindre er fritekne frå å betale.

Annikken Myklebust
Økonomisjef
E-post
Telefon 57 73 80 53
Mobil 91 88 62 07