Arealplan 2024-2036

Kommuneplanen er kommunen sitt overordna styringsdokument og inneheld mål og retningsval for kommunen si utvikling. Kommuneplanen består av ein samfunnsdel og ein arealdel. Planen vert utarbeidd for ein periode på 12 år og vert revidert kvart fjerde år. 

Om kommuneplanen sin arealdel

Alle kommunar skal ha ein samla kommuneplan, som omfattar samfunnsdel med handlingsdel og arealdel, jf. plan- og bygningslova § 11-1. Kommuneplanen skal ivareta både lokale, regionale og nasjonale mål interesser og oppgåver, og bør omfatte alle viktige mål og oppgåver i kommunen. Kommuneplanen er kommunen sin overordna plan og viktigaste politiske styringsdokument. Den gjev langsiktige rammer for utvikling av kommunesamfunnet som heilskap og bruken av arealressursane.

Kommunekart

Plankartet kan sjåast digitalt på kommunekart.com:

Sjå areadelen til Fjaler kommune via kommunekart

Zoom inn på Fjaler kommune, trykk på «Kartlag» i øvre venstre hjørnet, merk av «Arealplan» og "KPA vedtatt 2024-2036”  i menyen til høgre.

Sjå eiga rettleiing for korleis finne planar for din eigedom i artikkelen “Finn planar"  på heimesida vår

Kommuneplanen sin arealdel 2024-2036 

Dokumenta som er lista opp under utgjer arealplanen:

Einar Aase
Rådgjevar byggesak
E-post
Telefon 57 73 80 42
Niklas Kustaa Aarnio
Arealplanleggar Teknisk kontor
E-post
Telefon 57 73 80 45