Framande artar

Å avgrense førekomst av framande artar er viktig for å ta vare på naturmangfaldet vårt. På denne sida finn du informasjon om framande artar og kva du som hageeigar kan bidra med.

Kva er ein framand art? 

Ein framand art er ein art som ikkje høyrer naturleg heime i eit område, og som ikkje kunne ha kome seg dit utan hjelp for menneske. Nokre av desse artane kan bli invaderande, og føre til stor skade på det biologiske mangfaldet. 

Framande artar i naturen kan til dømes vere "hagerømlingar" som spreiar seg frå hagen eller hageavfall, eller "blindpassasjerar" som er smådyr som kjem hit gjennom transport av plantejord og andre varer.

Eksempel på framande artar med status som svartelista: 

  • Parkslirekne
  • Hagelupin
  • Kjempebjørnekjeks
  • Platanlønn
  • Rynkerose
  • Skogskjegg

Kva kan du som hageeigar gjere?

Hageeigarar og andre kan vere med å hindre vidare spreiing av hageplantar til naturen ved å:

  • Slutte å plante risikoartar
  • Vurdere å fjerne slike artar frå eigen hage, eller hindre spreiing ved å luke eller hindre frøsetting
  • Hageavfall skal aldri kastast i naturen - og heller ikkje langs veg, friområde eller "skrotemark" 
  • Komposter hageavfallet ditt eller lever det til avfallsmottak
  • Vere med å kartleggje problemartar 

Svartelista hageavfall må leverast som separat avfall som skal til forbrenning:

  • Små mengder kan pakkast inn og leggast i restavfallsdunk
  • Større mengder leverast separat i eigen sekk på gjenvinningsstasjon. Avfallet skal i container for (brennbart) restavfall. Informer operatør når de kjem til gjennvinningsstasjonen om kva avfall de har med. 

Kontakt Sunnfjord Miljøverk dersom du har spørsmål i samband med levering. 

Informasjon om framande artar

Her finn de lenkjer til informasjon om framande artar frå ulike kjelder: 

Statsforvaltaren i Vestland: Hagerømlingar - Sogn og Fjordane