Kontigentstøtte - ei tilskotsordning for idrettslag og andre frivillige organisasjonar

Fjaler kommune har ei tilskotsordning for idrettslag og andre frivillige organisasjonar. I 2023 er det sett av ein pott på kr. 20.000 som idrettslag og andre frivillige organisasjonar kan søkje tilskot frå om å få dekka manglande kontingentinnbetalingar frå medlemmer i målgruppa (barn og unge) som kan skuldast økonomiske vanskar.

Føremål med tilskotsordninga

Ordninga skal vere eit verkemiddel for lag og organisasjonar til å gje barn og unge høve til deltaking og inkludering på viktige sosiale arenaer, som fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra sin inntekt og sosiale situasjon. Det er eit tiltak som skal vere med på å førebyggje og/eller dempe konsekvensar av fattigdom.

Kven kan søkje?

Frivillige lag og organisasjonar som har tapte inntekter knytt til manglande innbetaling av medlemskontingent og/eller treningsavgift frå barn og unge i målgruppa.

Tilskot vert ikkje prioritert til tiltak som er drive på forretningsmessig basis. Det er kulturkontoret som administrerer ordninga.

Søknadsfrist og søknadsskjema

Søknad om tilskot skal sendast elektronisk til Fjaler kommune innan 15. november.

Send søknad her 

Søkjar skal sende inn oversikt over laget sine kontingentsatsar og rapport på tal manglande kontingentinnbetalingar for barn og unge i målgruppa og samla inntektstap for laget.

Ingeborg Tysnes
Kommunalsjef kultur og samfunnsutvikling
E-post
Telefon 57 73 80 44
Mobil 98 86 50 54