Spelemidlar til idrettsanlegg

Kommunar, idrettslag og andre samanslutningar kan søkje om spelemidlar til idrettsanlegg. Spelemidlar skal medverke til at ein større del av befolkninga får høve til å drive idrett og fysisk aktivitet.

Det kan søkjast om tilskot til:

  • nybygg og rehabilitering av anlegg for organisert idrett
  • rehabilitering av idretts- og friluftsanlegg
  • nærmiljøanlegg (utandørsanlegg for fysiske aktivitetar i tilknyting til buområde)
     

For idrettsanlegg med tilskot av spelemidlar gjeld:

  • anlegget skal ikkje drivast på kommersiell basis
  • anlegget må vere med i ein vedtatt kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet.
  • anlegget skal ha universell utforming
     

For nærmiljøanlegg med tilskot av spelemidlar gjeld:

  • området skal vere fritt og allment tilgjengeleg
  • anlegget skal ikkje dekkje behov for organisert idrettsaktivitet og vanlege idrettskonkurransar
  • reine reiskapsleikeplassar (sandkasser, husker osb.) fell utanfor ordninga
     

Mottakar av søknad: Publikasjoner fra Kulturdepartementet (Idrettsavdelingen)

Skjemaet sendast til kommunen, som behandlar søknaden og sender han vidare til fylkeskommunen den 15. januar kvart år. Det er fylkeskommunen som avgjer søknaden. Frist for å levere inn til kommunen er 1. november.

Slik søkjer du:

Alle søknader skal setjast fram på søknadsskjema frå Kultur- og likestillingsdepartementet. Du finn søknadsskjema på nettsida som heiter Anleggsregisteret (sjå link under). Reglane for om du kan få støtte til ditt anlegg ligg i "Bestemmelse om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk akvitet" som du finn i publikasjonar i link under.

Kommunen kan hjelpe deg med søknaden. Du finn kontaktperson nedst i artikkelen.

Viktige eksterne nettsider: 

Ingeborg Tysnes
Kommunalsjef kultur og samfunnsutvikling
E-post
Telefon 57 73 80 44
Mobil 98 86 50 54