Samvirket kulturhus

Teaterfestivalen i Fjaler

Samvirket er Fjaler sitt nye kulturhus. Velkommen til eit samvirke av kulturopplevingar der du kan delta, skape eller oppleve.

Plan for Samvirket kulturhus

Huset er møteplass for ungdom, kontor for Frivilligsentralen, BUA - utleigesentral for utstyr, produksjonslokale for teater og andre uttrykk og storsal med plass til ulike arrangement. 

Samvirket skal vera eit kulturhus for alle. Lag og organisasjonar kan leige/låne bygget til sine arrangement.

For lån av kommunal del kontakt:

Frivilligsentralen ved Rhona Thingnes på tlf. 57 73 80 20 / 913 51 944eller epost: Rhona.Thingnes@fjaler.kommune.no

Preform AS har ansvar for drift av eit scenerom på 360 m2 med tilgang til lysrigg og teknisk. I tillegg har dei to lydstudio til produksjon av mellom anna podkast, lyddrama og musikk.

Dei tek i mot prosjekt som treng studio/prøvelokale eller som vil vise eller ferdigstille prosjekt for kortare og lengre periodar.

Dagleg leiar Ingrid Hansen, tlf.: 47908100,
ingrid@kulturpro.com

Prisar etter avtale.

 

For meir informasjon om huset og kva som skjer der sjå nettsida

Ingeborg Tysnes
Kommunalsjef kultur og samfunnsutvikling
E-post
Telefon 57 73 80 44
Mobil 98 86 50 54