LTU - lokal transportordning for ungdom

LTU er ei ordning som har fungert i mange år og som vert administrert av kulturkontoret i Fjaler. Midlane kan nyttast til transport av ungdom til og frå ulike fritidsaktivitetar på ettermiddag og kveld.

Fjaler kommune har fått tildelt kroner 100 000 i lokal transporttilbod for ungdom for 2022.

Informasjon om ordninga:

  • Tilbodet er primært retta mot ungdommar mellom 13 og 19 år
  • Det bør vera 3 eller fleire personar som kan nytte samme transporten
  • Det er ein eigendel på 50 kroner
  • Eksempel på kva vi tidligare har nytta midlane til:
    • heim frå rusfrie ungdomsfestar 
    • bowlingturar,
    • transport til kulturskuletilbod
    • kveldskøyring i Bjørkelia
    • transport til/frå trening m.m
  • Midlane skal nyttast til fleksible transporttilbod og der oppslutnaden er avgjerande for om ruta går.
     

Slik søkjer du:

Du søkjer ved å ringe eller sende e-post til kulturkontoret:

Artikkelliste

Ingeborg Tysnes
Kommunalsjef kultur og samfunnsutvikling
E-post
Telefon 57 73 80 44
Mobil 98 86 50 54