TiTur Dalsfjorden 2023

Kart med oversikt over dei ti turane ein må gå for å vere med på TiTur Dalsfjorden 2023. Dei ti turane er også lista opp i teksten under. - Klikk for stort bilete

TiTur Dalsfjorden er eit samarbeid mellom Askvoll kommune, Fjaler kommune, Indre Sunnfjord turlag og turlaga i Askvoll og Fjaler. Frå 1. mai tom 1. oktober 2023 har du høve til å bli kjend med mange av dei flotte turområda i nærområdet vårt.

Dei ti turane for 2023 er: 


Askvoll: 
Yndestadhøgeheia
Skålefjellet Atløy
Rundtur Askdalen
Nykshytta (dagsturhytta Askvoll)
Øvre Fossedalsvatnet


Fjaler: 
Grillhytta på Eina
Arsteinheia
Skurveholten
Østenstad
Taket

Les beskriving av turane på ut.no

Premiering:

Alle som fullfører får ein premie ved innlevering av turkort, og du vert då med i trekninga av 3 gåvekort med ein verdi av 1000 kroner. I tillegg trekk vi eit gåvekort blant instagrambilete som er ut med emneknaggen #titurdalsfjorden23 (hugs åpen profil).

Det vil i år vere raude postkassar med bøker i på toppane. Vi oppmodar likevel om at du nyttar appen til www.ut.no for å registrere deg på sjølve toppen. 

For å vera med i trekkinga må du ha vore på alle toppane. Deltakarar under 7 år: Må ha gått på 5 toppar. Deltakarar opp til 13 år og over 67 kan heller ta til turar ekstra til eit par av dei lettare turmåla enn å gå dei høgste og lengste turane.

Turkort:

Turkortet må leverast på YX bensinstasjon i Askvoll eller Dale innan 10. oktober 2023. Premiane vert utlevert fortløpande mot innlevert, fullstendig utfylt turkort. Alle må ha kvar sitt turkort, og det kan berre leverast inn eitt kort per person.

Du kan laste ned turkort her (PDF, 2 MB)

Kontaktperson

Har du spørsmål kan du ta kontakt med John Lien på tlf. 918 61 083