Frivilligsentralen

Frivilligsentralen koordinerer frivillig innsats og formidlar kontakt mellom menneske, lag og organisasjonar på tvers av fagområde i lokalsamfunnet. Nokon treng hjelp, andre ønskjer å hjelpe og alle vil gjerne delta! 

Fjaler Frivilligsentral skal vere bindeleddet mellom kommunen og frivilligheita i Fjaler. 

Fjaler kommune er eigar av sentralen via øyremerka tilskot til kommunen. Sentralen vart oppretta i 1995. Volontørtenesta starta opp i 1999. BUA Fjaler opna i mars 2019.

Du kan lese meir om Frivilligsentralen sitt arbeid på desse nettstadane: 

 

Frivilligstrategi for Fjaler kommune

Fjaler kommune har utarbeida ein frivilligstrategi der viktige prinsipp og handlingar for å styrke relasjonen mellom offentleg og frivillig sektor er fastsett. Målet er at vi vert endå betre på å samarbeide med frivillige lag og organisasjonar. 

Fjaler kommune sin Frivilligstrategi. (PDF, 962 kB)

Besøksadresse og kontaktinformasjon til Frivilligsentralen Fjaler

Rhona Thingnes
Leiar i frivilligsentralen
E-post
Telefon 57 73 80 20
Mobil 91 35 19 44