Dagopphald

Dagtilbod gjeld for heimebuande eldre som av helsemessige årsaker vert vurderte å ha behov for dagopphald. Her får du høve til å delta i eit fellesskap med sosialt samvær og aktivitet. 

Kven kan få tilbodet? 

Heimebuande eldre som grunna funksjonssvikt eller sjukdom har behov for naudsynt helsehjelp i form av  oppfølging og sosialt samvær.
Tenesta vert tildelt via vedtak heimla etter helse og omsorgstenestelova. 

Kva kan dagopphald tilby? 

På dagopphald kan du få frukost, lunsj,  trim og andre aktivitetar og sosialt samvær. 

Slik søkjer du:   

I søknaden skriv du kva du treng hjelp til

Søk om dagopphald

Søknad sendast til 

Fjaler kommune
Tenestekontoret
Dalsvegen 81
6963 Dale i Sunnfjord

Kva kostar det?

Pris pr. 01.01.2024
Type opphald Pris pr.dag
Dagopphald med servering 110 kr
Dagopphald utan servering 52 kr

Kva skjer vidare?

Når  søknadsskjema er motteke, vil vi kartlegge behovet ditt for å sikre at det er den tenesta som er best og mest hensiktsmessig for deg.
Søknaden skal handsamast innan 4 veker. Dersom vi treng lengre tid, får du eit brev om førebels svar.  

Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?

Dersom du ikkje får innvilga tenesta du søkjer, gjev vi deg ei grunngjeving for det. I svaret får du også informasjon om korleis du kan klage og klagefrist

Lover og reglar

Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukerrettighetsloven

Iris Asperheim
Teamleiar korttid/rehabilitering
Korttid/rehabilitering
E-post
Telefon 57 73 81 41
Mobil 95 25 59 37
Solheim Evy
Leiar sjukeheimen
E-post
Telefon 57 73 81 47