Avlasting

Avlastingsopphold er eit tidsavgrensa opphald i sjukeheim. Opphaldet kan variere i lengde, og skal vere individuelt tilpassa. Avlastingsopphald kan verte ytt i sjukeheim eller i hybel som ligg tett ved sjukeheimen.

Kven kan få tilbodet?

Pårørande eller andre nære med særleg tyngjande omsorgsoppgåver i heimen over tid. 

Kva kan du få hjelp til?

Avlastningsopphald vert ytt for å gje den som har dei daglege omsorgsoppgåvene ein pause.

Slik søkjer du

  • I søknaden skriv du kva du treng hjelp til
  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og sende den med søknaden

Søk om avlasting

Fullmaktsskjema

 

Søknad sendast til 

Fjaler kommune
Tenestekontoret
Dalsvegen 81
6963 Dale i Sunnfjord

Kva kostar det?

Det er ikkje eigenbetaling for avlastingsopphald

Kva skjer vidare?

Når søknadsskjema er motteke, vil vi kartlegge behova dine for å finne den tenesta som er best og mest hensiktsmessig for deg.

Søknaden skal handsamast innan 4 veker. Dersom vi treng lengre tid, får du eit brev om førebels svar.  

Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?

Får du ikkje får innvilga tenesta du søkjer, gjev vi deg ei grunngjeving for det. I svaret får du også informasjon om korleis du kan klage og klagefrist. 

Lover og reglar

Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukerrettighetsloven
Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester

Iris Asperheim
Teamleiar korttid/rehabilitering
Korttid/rehabilitering
E-post
Telefon 57 73 81 41
Mobil 95 25 59 37
Solheim Evy
Leiar sjukeheimen
E-post
Telefon 57 73 81 47