Psykisk helse og rus

Psykisk helse er ei teneste til menneske som av ulike årsaker har det vanskeleg. Det kan vere akutte kriser, vanskelege livssituasjonar, langvarige psykiske lidingar eller andre udefinerte årsaker som gjer at ein treng psykisk helsehjelp. 

Kven kan få tilbodet? 

Psykisk helse er ei teneste til menneske som av ulike årsaker har det vanskeleg. Det kan vere akutte kriser, vanskelege livssituasjonar, langvarige psykiske lidingar eller andre udefinerte årsaker som gjer at ein treng psykisk helsehjelp. Tenesta yt hjelp ut frå individuelle behov, ressursar og mål. Målsetjinga for tenesta er å styrke evna til å verte sjølvstendig og kunne meistre eige liv.

Mål med tenesta

  • Hjelp til gode levekår og livskvalitet.
  • Hjelpa skal bidra til at du vert mest mogleg sjølvhjelpen i dagleglivet.

Praktiske opplysningar

  • Basisen i arbeidet er hjelp til sjølvhjelp
  • Tenesta vektlegg at du er aktiv deltakar i eige liv
  • Du kan få hjelp til medisinhandtering
  • Vi kan gi råd og rettleiing til deg og dine næraste

Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer

Slik søkjer du

  • I søknaden skriv du kva du treng hjelp til
  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og sende den med søknaden

Søk om helse- og omsorgstenester

Fullmaktsskjema

Søknad sendast til 

Fjaler kommune
Tenestekontoret
Dalsvegen 81
6963 Dale i Sunnfjord

Kva kostar det?

Det er ikkje eigenbetaling for psykisk helsetenester i heimen.

Kva skjer vidare?

Når  søknadsskjema er motteke, vil psykisk helseteneste kartlegge behovet hjå deg for å finne den tenesta som er best og mest hensiktsmessig for deg.

Søknaden skal handsamast innan fire veker. Du vil få eit førebels svar dersom det vil ta lengre tid. 

Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?

Får du ikkje får innvilga tenesta du søkjer, gjev vi deg ei grunngjeving for det. I svaret får du også informasjon om korleis du kan klage og klagefrist. 

Lover og reglar

Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukerrettighetsloven

Hjelp til å kome ut av rusproblem

I timeavtalen vil rettleiaren kartlegge kva behov du har. Tiltak og oppfølging vidare blir som hovudregel utforma i samarbeid med deg. For at vi skal kunne tilby deg best mogeleg hjelp, er det viktig at du er open og ærleg om rusproblema dine.

 

Heidi Roos
Leiar helseteneste
E-post
Telefon 57 73 81 20
Mia Laukeland
Fagansvarleg Psykisk helse
E-post
Telefon 91 76 38 02
Mobil 91 76 38 02