Vi tilbyr ulike sensorar som kan gi auka tryggleik i eigen heim.
Velferdsteknologi som består av sensorar som varslar automatisk ved uønska hending reknast som digitale tilsyn. Dette er teknologiske løysingar som er tildelt etter helse- og omsorgstenestelova. Digitale tilsyn gjer at helsepersonell eller pårørande får melding dersom ein alarm automatisk vert utløyst.
Målet med teknologien er å unngå fare, redusere skade og automatisk tilkalle hjelp for deg viss du ikkje er i stand til det sjølv, samstundes som det gir deg auka fridom.
Eksempel på teknologi:
- Sengesensor
- Dørsensor
- Bevegelsessensor
- Fallsensor
Digitale tilsyn kan nyttast både for heimebuande og for bebuarar på institusjon. Det er brukaren sitt behov som avgjer kva teknologi vi skal nytte, og det vert alltid gjort ei individuell vurdering kva som er teneleg.
Nytt tilbod ved Fjaler sjukeheim - Varda Care sengematte
Varda Care sengematte er ei tynn matte som ligg under madrassen i senga di. Den registrerer når du ligg i senga og når du står opp.
Matta kan også kartlegge søvn og uro i løpet av natta, og den kan måle hjarte- og respirasjonsfrekvens.
Kvifor bruke Varda Care sengematte?
- Den kan vere eit hjelpemiddel for å oppdage endringar i søvnmønster og indikere endringar i helsetilstand
- Den kan forhindre fall
- Du kan sove rolegare og sleppe å verte forstyrra på natt når det ikkje er behov for det
- Nattevakta får varsel viss du treng hjelp
- Nattevakta får god oversikt over brukarane på si avdeling, og den vil vere eit hjelpemiddel for prioritering basert på behov og frigjere tid til omsorg
- Varda Care sengematte er eit supplement til ordinær nattevakt for å auke kvalitet og pasienttryggleik
For å ta i bruk Varda Care sengematte eller anna digitalt tilsyn må du eller pårørande samtykke til tenesta.
Meir informasjon om Varda Care sengematte