Hjelp til personar med kreft

Kreftkoordinator og ressurssjukepleiar rettleiar kreftsjuke og andre alvorleg sjuke, samt pårørande om tenester og tilbod.

Kreftomsorga i Fjaler kommune

Kreftomsorga og omsorg i samband med annan alvorleg sjukdom har som mål at du som vert sjuk og dine pårørande skal verte ivaretekne på ein god måte, og oppnå best mogeleg livskvalitet. Kreftomsorga skal difor vere eit lågterskeltilbod, der du som ønskjer det kan ta kontakt tidleg i sjukdomsgangen.

Kreftkoordinator er ein fagperson som du kan ta kontakt med i alle faser av kreftsjukdom, og som samarbeider mellom anna med fastlegar, NAV, kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Kreftpasientar, pårørande, helsepersonell eller andre kan ta direkte kontakt med kreftkoordinator.

Kven kan få tilbodet?

Dersom du har kreft eller er pårørande til nokon med kreftsjukdom, kan du ta direkte kontakt sjølv eller be legen din, sjukehuset eller andre om å formidle kontakt. Tenesta er gratis for deg som oppheld deg i Fjaler kommune.

Kva kan du få hjelp til?

Kreftkoordinator kan gje informasjon, råd og rettleiing knytt til diagnose, behandling, rehabilitering, lindring og omsorg ved livets slutt.

Kreftkoordinator er ein person som:

  • kan vere ein ressursperson for den kreftramma og deira pårørande
  • kan reise på heimebesøk
  • har tid til å lytte
  • kan hjelpe å koordinere og tilrettelegge kvardagen for kreftsjuke og pårørande på ein best mogleg måte
  • han bidra til å skaffe praktisk hjelp og støtte
  • kan kartlegge den enkelte sine behov
  • er ein støttespelar for barn og unge som er ramma av kreft eller der barn er pårørande
  • har oversikt over relevante tilbod og tenester, kurs og rehabilitering som kan passe for deg og dine pårørande
  • skal bidra til gode rutinar og system for kreftomsorg i kommunen

Ressurssjukepleiar i kommunen

Kommunen har eit nettverk av ressurssjukepleiarar innan kreftomsorg og lindrande behandling på sjukeheimen og i heimetenesta. Ressurssjukepleiarar har direkte oppfølging av pasientar og pårørande som er råka av kreft eller annan alvorleg sjukdom.

Palliativt rom

Kommunen har eit rom ved Fjaler sjukeheim for personar med behov for lindrande behandling. Eit slikt rom kan nyttast ved alvorleg sjukdom eller i livets sluttfase, og er tilrettelagt for at pårørande kan vere med under opphaldet. Rommet ligg for seg sjølv og har eigen inngang, eit soverom, eit opphaldsrom med sovesofa, samt kjøkken. Palliativt rom er knytt til korttidsavdeling ved Fjaler sjukeheim.

Ellen Alværen
Teamleiar heimeteneste
E-post
Telefon 57 73 81 50
Mobil 95 06 01 01