Er du bekymra for eit barn?

Det er viktig at du melder til barnevernet dersom du er bekymra for eit barn. Meldinga frå deg kan vere viktig for barnet eller ungdomen det gjeld. Barn og ungdom kan også sjølv ta kontakt med barnevernet. 
 

Slik melder du i frå til barnevernet:

Du kan ringe, møte opp eller sende brev i posten eller ved å nytte digitalt skjema.

Meld digitalt

Vi oppmodar deg om å nytte digitalt skjema for sikker og effektiv innmelding til barnevernstenesta. 
Løysinga består av to ulike skjema; eitt for privatpersonar og eitt for offentlege tilsette. 

Bekymringsmelding for privatpersonar

Bekymringsmelding for offentleg tilsette


Send meldingsskjema per post

Dersom du ikkje har høve til nytte det digitale skjemaet, kan du laste ned eit meldingsskjema i Word. Det fyller du ut og sender til Hafs barnevernsteneste. NB: grunna personvernomsyn må dette skjemaet sendast i posten og ikkje via e-post. 

Last ned meldingsskjema 

Postadresse: Postadresse: Hafs barnevernteneste, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord

 
Offentlig tilsette og andre med meldeplikt etter barnevernlova § 6-4 

Du har plikt til å melde frå til barnevernet, uten ugrunna opphald:

  • Dersom det er grunn til å tru at eit barn blir utsatt for alvorlege manglar ved den daglege omsorga eller annan alvorleg omsorgssvikt
  • Dersom eit barn viser alvorlege atferdsvanskar i form av alvorleg eller gjentatt kriminalitet, misbruk av rusmidler eller anna normlaus framferd.
     

Kva skjer vidare?

Meldinga blir gjennomgått innan ei veke. Akuttsaker blir avgjort straks. Innan vekesfristen skal barnevernet starte ei undersøking eller henlegge meldinga.

Barnevernteneste skal gje tilbakemelding til offentleg tilsette som har sendt melding innan tre veker etter at meldinga vart mottatt. 

Ei undersøking skal gjennomførast snarast og seinast innan tre månader. Undersøkinga skal vere tilpassa saka sin alvorsgrad og ikkje gjerast meir omfattande enn innhaldet i meldinga. Denne fristen kan i spesielle tilfelle utvidast til seks månader. Dersom undersøkinga gir grunnlag for hjelpetiltak, skal barneverntenesta iverksette tiltak etter lova

Les meir om gangen i ei barnevernssak på Bufdir sine nettsider

Hege Tunestveit
Leiar HAFS barnevernteneste
E-post
Telefon 91 56 95 95