OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Vi treng fleire besøksheimar

Ønsker du å vere besøksheim? 

Ta gjerne kontakt med ein av dei tilsette i Hafs barnevernteneste for meir informasjon.

Kontakt Hafs barnevernteneste

Korleis bli besøksheim

Å vere besøksheim inneber å ta imot barn/ungdom éi eller fleire helger i månaden. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak. Besøksheimen skal ikkje erstatte barnet sin heim, men vere ein ekstra ressurs for barnet.

Kva for krav stiller vi til ein besøksheim

Ein besøksheim er ein helt vanleg heim. Det blir ikkje stilt krav om utdanning for å bli besøksheim. Det vert lagt større vekt på at ein er personleg eigna. Det er viktig at besøksheimen består av trygge og stabile vaksne personar som har husrom og hjarterom. Besøksheimen kan gjerne ha eigne barn.

Det blir stilt krav om utvida politiattest
 

Kven er besøksbarna

Besøksbarna er barn som kan ha nytte av å vere saman med andre familiar av ulike grunnar. For mange av barna er det behov for å oppleve andre rammer med fleire trygge vaksne som bryr seg om dei. Kontakten med dei vaksne har som mål å gje barna overskot, lærdom, stimulans, glede og tryggheit. Alderen på besøksbarna er frå 0 til 18 år.
 

Godtgjersle for besøksheim

Du får løn for oppdraget etter KS (kommunesektorens organisasjon) sine satsar

Besøksheimen hentar vanlegvis barnet/barna fredag ettermiddag og leverer dei heim søndag ettermiddag. Du får køyregodtgjersle etter gjeldande satsar. Arbeidsgodtgjersle er skattepliktig.


Ønsker du å vere besøksheim?

Ta gjerne kontakt med ein av dei tilsette i Hafs barnevernteneste for meir informasjon.

Kontakt Hafs barnevernteneste

Hege Danielle Skarstein
Barnevernkonsulent / Konstituert leiar
E-post
Mobil 948 26 150
Til toppen