Kommunen sin beredskap

Når alvorlege hendingar oppstår, som går ut over hendingar kommunen normalt er førebudd på å handtere, skal kriseleiing etablerast. Mindre hendingar vert handtert på fag- og sektornivå.

Kriseleiinga etablerast når uønska hendingar

  • kan påverke mange innbyggjarar i kommunen
  • krev tiltak frå fleire sektorar
  • vil medføre eit stort behov for informasjon
  • ved straumbrot utover 1 time der det ikkje er kommunikasjon (mobil og telefon)
     

Varsel til kriseleiing kan kome frå:

  • Statsforvaltaren, ved større hendingar på regionalt/nasjonalt nivå.
  • Politi- og brannsentral, eller AMK (112, 110, 113)
  • Lokalt helse- , brannvern- og politi
  • Andre

Iverksetting av kriseleiing

  • Kommunedirektør har ansvar for iverksetting av kriseleiing. Er kommunedirektør fråverande tek ordførar denne avgjersla.

Kriseleiinga sine oppgåver

  • Situasjonsavklaring; innhente opplysingar om hendinga i kommunen
  • Ta avgjersle om iverksetting av tiltak for å hindre skadar på personar og materielle verdiar
  • Prioritere bruken av kommunale ressursar
  • Halde kontakt med skadestadsleiing
  • Syte for informasjon til innbyggjarar og media
  • Gje rapport om situasjonen til Statsforvaltaren og/eller andre mynde
  • Ved drift utover eitt døgn – organisere turnus/kalle inn ekstra personell

Informasjon- og kommunikasjonstiltak lokalt

Det er ordførar og kommunedirektør som har ansvar for å informere innbyggjarane, j.fr kommunen sin beredskapsplan.

  • Fjaler kommune brukar si heimeside som hovudinformasjonskanal. Her finn ein oppdatert informasjon frå sentrale mynde samt informasjon om lokale tiltak.
  • Fjaler kommune si facebook side
  • SMS varsling vil verte brukt ved behov, m.a. dersom det er endringar og utvikling i situasjonen som vi meiner krev rask varsling til alle innbyggjarar og bedrifter.
  • Om nødvendig vil vi i tillegg bruke NRK Sogn og Fjordane og lokalavisa Firda.

Kriseleiinga i Fjaler kommune består av:

  • Kommunedirektør
  • Ordførar
  • Økonomisjef
  • Kommunalsjef oppvekst
  • Kommunalsjef helse og omsorg
  • Kommunalsjef teknisk
  • personalsjef
  • beredskapskontakt

Krisestab som vert kalla inn ved behov:

  • Brannsjef med vara
  • Kommuneoverlege
  • Tilsette ved personal- og organisasjon
  • Flyktningekoordinator

Psykososialt kriseteam

Teamet er ei tverrfagleg samansett gruppe som skal gje psykososial støtte til menneske i akutt krise.
Det kan være i forbindelse med uventa dødsfall, ulykker, sjølvmord eller andre alvorlege hendingar. 
Teamet skal også medverke til at dei ramma får nødvendig oppfølging og støtte frå dei ordinære tenestene 
i etterkant av kritiske hendingar. 
 
Utkalling av teamet skjer via naudetatane (AMK, brann og politi), legevakt eller kommunen si kriseleiing. 

Beredskapsgruppe smittevern

Gruppa består av smittevernlege, sjukepleiar sjukeheim og heimeteneste,, fagansvarleg helsestasjon og tenesteleiar helsetenesta og  helsesjukepleiar UWC.

Tilfluktsrom

Fjaler kommune har ikkje tilfluktsrom.

Leif Jarle Espedal
E-post
Telefon 57 73 80 50
Mobil 91 77 74 92
Ola Hovland
Kommunedirektør
Kommunedirektør
E-post
Telefon 57 73 80 01
Mobil 95 89 46 83