Slik kan du førebu deg

Ei viktig del av di førebuing er at du veit korleis du blir varsla om ei krise og kor du kan få meir informasjon. ha ein plan for korleis du kan be om hjelp og korleis du kan hjelpe andre.

På sikkerhverdag.no finn du ei brosjyre med råd for eigenberedskap.

Les brosjyren på sikkerhverdag.no "Du er ein del av Norges beredskap" 

Slik varslar vi deg om ei krise

Ei krise som gjeld liv og helse vil kommunen eller politiet sende ut tekstmelding til alle som oppheld seg i det relevante området.  Slik kan ein raskt komme ut med informasjon til dei som er eller kan bli berørte av ei uønskt hending.


Slik finn du informasjon i ei krise

Ved ei uønskt hending skal det kartleggast og vurderast kva kanalar ein skal nytte for informasjon og dialog med ulike målgrupper.

Kommunen sine informasjonskanalar er:

  • Nettsida www.fjaler.kommune.no : oppdatert informasjon til innbyggjarane
  • Publisering av pressemeldingar
  • Publisering av kontakttelefonar
  • Informasjon til tilsette under eige menypunkt
  • Tekstmelding, varsling 24
  • Nrk Vestland: Ved kriser av ein viss størrelse kan NRK/nærradio påleggast samarbeid med fylkesmann/politi. Om kommunen ikkje når innbyggjarane på nett/tlf. kan også direktesendt radio nyttast. Kommunen kan også sende direkte pressemeldingar til tv-kanalar. For å kunne ta imot råd og meldingar via beredskapskanalen NRK P1 bør du ha tilgang til ein DAB-radio som går på batteri.
  • Dør til dør-varsling: Ved svikt i forsyning av straum og ikt, men også til sårbare grupper i t.d. flyktningtenesta og pasientar i heimetenesta.
  • Firda
  • Plakatar/ brosjyrer: Plakatar på lokale samlingspunkt og oppslagstavler. Informasjon som kan leverast i postkassar el. til elevar/born i barnehage/ skule.
  • Folkemøte der psykososialt kriseteam/andre fag-personar kan ta del.