DSB (Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap) anbefaler at flest mogleg er førebudd til å klare seg sjølv i ei veke. Det er fordi kommunar og naudetatar må prioritere dei som ikkje klarar seg utan hjelp i ei krise.
Kva meinar vi med ei krise?
Ei krise oppstår når vi ikkje lenger har tilgang til tenester og funksjonar vi er avhengige av.
Eksempel kan vere:
- Straumen er vekke i fleire dagar
- Mobilnettet sluttar å virke
- Vatnet er ureina eller stengt
- Du kjem deg ikkje heimafrå fordi vegen er sperrra
- Butikken har ikkje dei varene du treng
- Du må vente på hejlp fordi mange er i samme situasjon
Ofte kan ei krise skuldast store mengder nedbør, sterk vind eller tekniske problem. Slike situasjonar får alvorlege konsekvensar for heile samfunnet og for deg og din familie.
Straum brukar vi til oppvarming, lys , matlaging, til å lade elektroniske hjelpemidlar og til å sjå på tv. Vi held kontakt med kvarandre gjennom telefon og internett. Kvar dag reiser vi på jobb og er innom butikken for å handle. Ein krisesituasjon påverkar mange samstundes og vi må legge om dei daglege rutinene.
Ta ansvar for deg sjølv
Du er betre førebudd om du har tenkt igjennom korleis ein krisesiturasjon kan påverke deg, familien din og dei rundt deg.
Du bør tenkje igjennom:
- Kva kriser kan ramme deg?
- Korleis vil slike kriser påverke deg?
- Korleis blir du varsla om ei krise og korleis kan du skaffe deg informasjon om det som skjer
- Korleis kan du klare deg sjølv ei veke?
- Kva kan du ikkje klare deg utan kvar dag (for eksempel medisinar, hjelpemiddel) – og finst det nokon brukbare alternativ?
- Er nokon avhengige av di hjelp? Det kan være familien, foreldre, naboar, vennar eller kjæledyr.
- Korleis kan du hjelpe andre?
- Kva gjer du om du må evakuere?
Gjer enkle førebuingar heime
Sjå korleis du kan dekke dei grunleggande behova i ei veke på sikkerhverdag.no
Det skal ikkje mykje til for at du og din familie skal kunne klare dykk sjølv i minst tre dagar. Mykje av det du treng har du kanskje allereie.
Dette er dei grunnlegande behova som må dekkast dei første tre døgna av ei krise:
- varme
- drikke
- mat
- legemiddel
- hygiene og sanitær
- informasjon ved ei krise
Tips til korleis du kan ta vare på maten dersom straumen går
Nofima har utarbeida eit informasjonsark med tips for korleis du kan ta vare på maten ved straumbrot (PDF, 159 kB)
Brosjyre om eigenberedskap på fleire språk
På sikkerhverdag.no finn du brosjyra på endå fleire språk