OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit tilbod om helsetenester til alle skuleelevar. Vi har fast kontortid på skulane og er tilgjengeleg for barna der. Det er eit gratis tilbod for alle elevar ved skulen der ein ikkje treng å bestille time.

Opningstider for skulehelsetenesta

På skulen kan du snakke med helsesjukepleiar utan å bestille time først. Helsesjukepleiar har teieplikt.

Helsesjukepleiar er å treffe på skulane følgjande dagar:

Skulehelsetenesta
Skule Dag Helsesjukepleiar
Dale VGS. Onsdagar Elin Heggheim Møller
Dingemoen skule Måndagar, tysdagar og onsdagar Signe Nordal Bjørvik
Våge skule Annakvar måndag (oddetalsveker) Bente Gunn Melheim
Flekke skule Annakvar måndag (partalsveker) Bente Gunn Melheim

Kva kan skulehelsetenesta hjelpe med?

  • Helsesjukepleiar samarbeider med tilsette i skulen etter samtykke frå elev og/eller føresette.
  • Skulehelsetenesta arbeidar for å fremje born si utvikling, trivsel og meistring på individuelt og universelt nivå. Helsesjukepleiar tilbyr individuelle samtalar, helseopplysning på ulike klassesteg, foreldrerettleiing og etablering av tverrfagleg samarbeid.
  • Aktuelle utfordringar for barnet kan til dømes vere vanskeleg familiesituasjon, opplevde belastande livshendingar, utfordringar i samspel med andre, mobbing, lite sosialt nettverk, emosjonelle utfordringar, drastisk endring i åtferd og teikn på skulevegring.
     

Faste tilbod frå skulehelsetenesta

Faste tilbod frå skulehelsetenesta
  • 1.klassesteg:
    • Skulestartundersøking hos helsesjukepleiar og lege på Fjaler helsestasjon
    • Helsesjukepleiar deltek på foreldremøte
  • 2.klassesteg:
    • Tilbod om vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og poliomyelitt
  • 3.klassesteg:
    • Tilbod om måling av vekt og høgde
    • Undervisningsopplegg om helse og trivsel
  • 4.klassesteg:
    • Undervisningsopplegg om psykisk helse/psykologisk førstehjelp
  • 5.klassessteg:
    • Undervisningsopplegg om pubertet
  • 6.klassesteg:
    • Tilbod om vaksine mot meslingar, kusma og raude hundar
    • Helsesjukepleiar deltek på undervisningsopplegg med NOK.-Sogn og Fjordane
    • Undervisning om bildedeling på nett, filmen «Delbart?»
  • 7.klassesteg:
    • Tilbod om vaksine mot Humant papillomavirus (HPV) – 2 dosar
  • 8.klassesteg:
    • Helsetemadag med undervisning om ulike tema innan helse og livsstil
    • Helsesamtale med helsesjukepleiar med tilbod om måling av vekt og høgde
    • Tilbod om legeundersøking
    • Helsesjukepleiar deltek på foreldremøte
  • 9.klassesteg:
    • Undervisningsopplegg om seksuell helse og prevensjon
  • 10.klassesteg:
    • Tilbod om vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og poliomyelitt
    • Vidaregåande skule (VG):
    • Helsesjukepleiar deltek på foreldremøte VG1
    • Tilbod om meningokokkvaksine
    • Helsesjukepleiar deltek på undervisningsopplegg om trygg russe-/ungdomstid

 

Kontakt oss:

Dale vidaregåande skule:

Elin Heggheim Møller

Tlf. mobil 40 41 57 35

E-post: Elin.Heggheim.Moller@fjaler.kommune.no

Dingemoen skule:

Signe Norddal Bjørvik

Tlf. 47 79 87 81

E-post: Signe.Norddal.Bjorvik@fjaler.kommune.no

Flekke skule og Våge skule:

Bente Gunn Melheim

Tlf. 57 73 81 12 / mobil 97 74 28 54

E-post: Bente.Gunn.Melheim@fjaler.kommune.no

Bente Gunn Melheim
Fagansvarleg helsesjukepleiar
E-post
Telefon 57 73 81 12
Mobil 977 42 854
Signe Norddal Bjørvik
Helsesjukepleiar skule
E-post
Telefon 477 98 781
Elin Heggheim Møller
Helsesjukepleiar
E-post
Telefon 57 73 81 22
Mobil 404 15 735
Til toppen