Skulefritidsordning (SFO)

Skulefritidsordninga er eit tilbod før og etter skuletid for alle barn i 1.- 4. klasse og for barn med særskilde behov i 5.-7. klasse.

Slik søkjer du om SFO plass

Du søkjer om SFO plass gjennom Visma Flyt Skule.

Søk SFO plass gjennom Visma Flyt skole 

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 12. april. Du kan likevel søke om plass heile året. Du får svar på søknaden i god tid før skulestart.

Kva kostar SFO?

SFO betalingssatsar
Timar per veke Pris 2023
Inntil 26 timar 2860
Inntil 20 timar 2450
Inntil 15 timar 1950
Inntil 10 timar 1510
Skuleferie 1250 per veke
Enkelt dagar 290 per dag
Ekstra timar 70 per time
Gebyr ved for seint henta barn 210 per halvtime
Matpengar 340
  • Alle elevar på 1. trinn får gratis kjernetid på SFO 12 timer i veka
  • Frå hausten 2023 vil gratis kjernetid på SFO 12 timar i veka også gjelde for 2. trinn
     

Har du lågare inntekt kan du få lågare pris

Ingen familiar skal bruke meir enn maksimalt seks prosent av inntekta si til å betale for ein SFO-plass for elevar på 1. - 4. trinn. Det er gratis SFO for elevar på 5.–7. trinn med særskilte behov

Slik søker du om lågare foreldrebetaling på SFO

Søk om lågare foreldrebetaling for SFO
 

Vi behandlar søknader om lågare pris gjennom heile året. Om du søkjer etter 15. september, vert startdato den 1. neste månad. For søknader før 15. september vert startdato skulestart.

  • Får du søknaden om lågare pris godkjent gjeld det ut skuleåret. Du må difor søke på nytt kvart skuleår.
  • Får du søknaden om lågare pris godkjent, gjeld det frå månaden etter du har sendt søknaden.
     

Rett til å klage

Du har rett til å klage om du ikkje får redusert pris. Klagefristen er tre veker etter at du har fått vedtaket. Ei eventuell klage må vere skriftleg. Send klagen til Fjaler kommune gjennom eDialog - sikker elektronisk  eller per  post til Fjaler kommune, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord.

Ferietilbod SFO

  • Sommaren 2023: Grunna personalsituasjonen ser vi oss nøydde til å halde Sommar-SFO 2023 stengt.
  • Dingemoen skule har ferietilbod i haust-, vinterferie og nokre veker i  sommarferien. Artikkelen blir oppdatert med kva veker det er ope i sommarferien når dette er klart. 
  • Born frå Flekke skule og Våge skule kan nytte ferietilbod på Dingemoen skule
  • Born som elles har ordinært SFO-tilbod har prioritet dersom det er fleire søkjarar til ferietilboda enn det skulen har kapasitet til å ta imot.
  • Tilbodet kjem i gang dersom det vert påmeldt minst 6 barn.
  • Søknadsfristen for ferietilbod er 20. april for sommarferie, og ein månad før haust- og vinterferie.

Korleis endre eller seie opp SFO plass

  • Endring og oppseiing av SFO plass gjer du i Visma Flyt skule.  Logg inn i Visma Flyt Skule
  • Oppseiingstida er ein månad frå den 1. i månaden. Dersom plassen vert sagt opp etter 1. april, må du betale for plassen resten av skuleåret.

Vedtekter for SFO i Fjaler kommune

Sjå vedtekter for Skulefritidsordninga (SFO) i Fjaler kommune (PDF, 698 kB)

Ingvard Flekke
Kommunalsjef oppvekst
E-post
Telefon 57 73 80 56
Mobil 91 88 02 74
Jorunn Myklebust
Leiar skulefritidsordning
E-post
Telefon 57 73 81 63
Gøril Fristad
Rektor/styrar Våge skule og barnehage
E-post
Telefon 57 73 80 82
Mobil 92 64 12 10
Magnhild Hoddevik
Rektor/styrar Flekke skule og barnehage
E-post
Telefon 57 73 80 77
Mobil 99 57 34 13