OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Skuleskyss

Elevar som bur over ein viss avstand frå skulen og/eller elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg har rett på gratis skuleskyss. retten gjeld ikkje til og frå skulefritidsordning (Sfo).

Kven har rett på gratis skuleskyss?

  • Elevar i grunnskulen som har lengre enn fire kilometer avstand mellom heim og skole. Førsteklassingar har rett på fri skuleskyss dersom skulevegen er lengre enn to kilometer kvar veg.
  • Elevar som har mindre enn fire kilometer (to kilometer for førsteklassingar) lang skuleveg, men som har ein spesielt trafikkfarleg eller vanskeleg skoleveg. 
  • Elevar med varig eller midlertidig funksjonshemning/sjukdom kan ha rett på skyss mellom skule og heim uavhengig av reiselengde. 

Detaljert informasjon om skuleskyss for grunnskuleelevar i Vestland finn du i fylkeskommunen sitt reglement for grunnskulen

Slik søkjer du om skuleskyss

Skulen din organiserer all skuleskyss. Alle førsteklassingar får informasjon om dette i oppstartsmøte før skulestart. 

Vil du søke om fri skuleskyss for spesielt trafikkfarleg eller vanskeleg skoleveg eller at barnet har varig/ eller midlertidig funksjonshemning/ sjukdom sender du ein søknad til kommunen.

Du sender søknaden gjennom e-dialog. Hugs å skrive fullt namn på barnet/ borna du søkjer fri skuleskyss for.

Send søknad om skuleskyss som brev igjennom e-Dialog

Kan du klage på skysstilbodet?

Du kan klage på skysstilbodet til barnet ditt. 

Send klagen som brev gjennom eDialog

Ingvard Flekke
Kommunalsjef oppvekst
E-post
Telefon 57 73 80 56
Mobil 91 88 02 74
Til toppen