Skulemiljø i Fjalerskulane

I Fjalerskulane skal det vere nulltoleranse for mobbing og krenkingar. Alle elevane skal ha eit trygt og godt skulemiljø fritt for mobbing og krenkingar. 

Mål for arbeidet med eit godt og trygt skulemiljø

Les om korleis skulane jobber med dette i "handlingsplan for godt og trygt skulemiljø i Fjalerskulane":

Fjaler kommune sin handlingsplan for godt og trygt skulemiljø i Fjalerskulane (PDF, 843 kB)

Mobbeombod 

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Mobbeombodet i Vestland er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen. Mobbeombodet rettleier i saker som handlar om psykososialt miljø, om barnet sine rettar og korleis du kan gå fram om du ikkje har det bra. Mobbeombodet har teieplikt.

Kontakt mobbeombodet:

Alle kan ta kontakt med mobbeombodet!

Du kan lese meir om ombodet og korleis du kan få hjelp, på www.vlfk.no/mobbeombodet

Dette gjer mobbeombodet:

  • Støttar og rettleiar barn, elevar og føresette i saker om psykososialt miljø
  • Gir informasjon og opplæring til barn, elevar og føresette (førebygging)
  • Jobbar for å skape dialog og oppfølging, også etter at saker er handtert
  • Samarbeider med barn og unge, samt aktørar som arbeider med barn og ungdom på ulike nivå (til dømes: elevråd, ungdomsråd og ungdommens kommunestyre, Elevorganisasjonen, kommunar, barnehage- og skuleeigarar, PPT, skulehelsetenesta, helseaktørar, politiet, frivillige organisasjonar, høgskular og universitet).
  • Er ein informasjonsressurs og rettleiar for tilsette i barnehage og skule
  • Støttar elev- og lærlingombodet i arbeid med psykososialt miljø i vidaregåande opplæring
  • Bidrar til dokumentasjon og erfaringsdeling i fylket og nasjonalt
     

Les meir om mobbeomboda og kva dei kan gjere for deg på Vestlandfylke.no

Nyttige lenkjer:

Kjell Roger Stien
Kommunalsjef oppvekst
E-post
Telefon 57 73 80 60
Mobil 90 18 46 80