Barnehagen på besøk i skulen

Denne veka har vi starta med tilvenning på skulen for førskuleborna. I tillegg har storskulen hatt besøk av alle borna på Nipa.

Tysdag var føreskuleborna på besøk til 1. og 2. klasse. Dette var sjølvsagt spennande sidan det var fyrste gong dei var på besøk som komande 1. klassingar. Det vart ei kjekk stund, og vi gledar oss til at desse fem førskuleborna skal komme og vere med oss fast kvar tysdag litt seinare i februar.

Vi har fleire kjekke samarbeid mellom skulen og barnehage, og denne fredagen var det igjen tid for at heile Nipa kom på besøk i klasserommet til 5.-7. klasse. Denne gongen teikna og fargela vi.

Heile Nipa på besøk i stoeskulen