Søk om permisjon frå undervisninga

Føresette kan søke om at barnet deira får permisjon frå den pliktige undervisninga i inntil to veker. Vil du som føresett ta barnet ut av skulen utover to veker, må du melde eleven ut av skulen. 

Reglar for skulefri inntil to veker

Det er rektor på skulen som avgjer søknaden om permisjon. Permisjonen må vere fagleg forsvarleg og dei føresette må syte for at barna får nødvendig undervisning i permisjonstida. Barna skal altså kunne følgje med i undervisninga på vanleg måte når dei kjem tilbake.

Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere vekke frå skulen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. 

Reglar for permisjon er heimla i opplæringslova § 2.11, sjå Lovdata.no

Slik søker du skulefri inntil to veker

Du søker via Visma Flyt Skule om permisjon frå undervisninga. Som føresett kan du logge inn med ID-porten (BankID, MinID, Commfides eller Buypass).

Når du har logga inn i Visma Flyt Skule må du velge "Meldingar" og vidare Ny melding". Som du sender til rektor på skulen. ikkje skriv sensitive opplysningar i meldinga.

Søk om permisjon frå undervisninga på Visma Flyt Skule

Søknadsfristen er normalt fire veker før fritaket startar, om ikkje anna er avtalt med skulen. 

Reglar for skulefri utover to veker

Dersom føresette vil ta eit barn ut av skulen i meir enn to veker, skal dei melde eleven ut av grunnskulen i det aktuelle tidsrommet. Eleven mistar retten til opplæring i utmeldingsperioden, og kommunen har ikkje lenger noko ansvar for opplæringa. No er det dei føresette som er ansvarlege for undervisninga etter lov og forskrift. Det er kommunalsjefen for skulane i kommunen som avgjer søknaden om skulefri utover to veker. 

Slik søker du skulefri utover to veker

Søknadsfristen er normalt åtte veker før utmeldinga startar, om ikkje anna er avtalt med skulen. Føresette sender søknad gjennom e-Dialog som er ei sikker løysing for å sende post elektronisk. I søknaden skriv du kvifor du vil ta barnet ut av skulen og kor lenge.

Send søknad om skulefri over to veker som brev gjennom e-Dialog

Ulovleg fråvær

Dersom føresette held barnet vekke frå skulen lenger enn den tida dei har fått innvilga gjennom søknad om permisjon, vert dette rekna som ulovleg fråvær, jfr. opplæringslova § 2-1 siste avsnitt - Lovdata.no

Kjell Roger Stien
Kommunalsjef oppvekst
E-post
Telefon 57 73 80 60
Mobil 90 18 46 80