Pedagogisk psykologisk teneste (PPT)

PPT skal hjelpe barn og elevar i alderen 0–16 år med behov for særskilt tilrettelegging og spesialpedagogisk hjelp. PPT for Ytre Sogn og -Sunnfjord er ei felles teneste for kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Høyanger og Solund.

Kva gjer PP-tenesta

  • Sørgje for at det blir utarbeidd lovpålagte sakkunnige vurderingar.
  • Bistå barnehagar i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling for å tilretteleggje barnehagetilbodet for barn med særlege behov.
  • Hjelpe skulen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov.
  • Sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det. Føremålet er at eleven får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod.

  Les meir om PP-tenesta på Utdanningsdirektoratet sine nettsider
 

Korleis får du hjelp av PPT?

For dei som går i barnehage eller skule ønsker vi å bli kontakta gjennom barnehagen eller skulen. Ta direkte kontakt for barn som ikkje går i barnehage.  Dersom foreldre ønskjer å tilvise til PPT, kan dei gjerne ta kontakt med PPT i forkant av tilvisinga, men vi ønskjer at tilvisinga likevel går gjennom skulen eller barnehagen.

Vil du ha ein rask innføring i kva spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning er, kva ord og uttrykk betyr og kva du kan forvente av hjelp?
 

Les meir på utdanningsdirektoratet.no om spesialpedagogisk hjelp

Tilvisingsskjema 

Pedagogisk rapport barnehage og skule

Utfylling av skjema og vidare saksgang

Alle tilvisingar skal vere drøfta i forkant med barnehagen/skulen sin PPT kontakt. Ein skal nytte tilvisingsskjemaet og pedagogisk rapport som ligger på nett. Det er viktig at ein fyller ut tilvisingsskjemaet og pedagogisk rapport nøyaktig med all den informasjon det vert bedt om. Foreldre/føresette må skrive under. Eleven kan skrive under åleine frå fylte 15 år. Ufullstendige tilvisingar vert returnerte.

Alle tilvisingar vert tatt opp i PPT sitt inntaksmøte. Her vert det avgjort kven som skal ha saka. Tilvisar og foreldre/føresette vil få melding om når ein kan forvente at arbeid i saka vert sett i gang. Vi har fortløpande inntak. Barnehage og skule har høve til å kontakte PPT utan at det føreligg formell tilvising på eit barn/ein elev.
 

Slik kjem du i kontakt med PPT

Berit Louise Bjørnsen
Leiar
E-post
Telefon 57 71 15 74
Mobil 95 25 59 39
Solaug H. Einen
Merkantil
E-post
Telefon 57 73 80 32