Slik søkjer du på utlyste stillingar i Fjaler kommuene

Vil du bidra til at Fjaler kommune er ein god stad å leve, bu og arbeide? Då er du er hjarteleg velkomen som jobbsøkjer hos oss!

Sjå ledige stillingar i Fjaler kommune

Søk på utlyste stillingar:

  1. Registrer deg som brukar i Easycruit 
  2. Registrer CV og send søknad elektronisk.
  3. Du kan legge inn CV-en din både frå fil og sosiale media.
  4. Oppgje aldri bankid-informasjon under søknadprosessen.

Er du allereie registrert som brukar I Easycruit, loggar du deg inn med brukarnamn og passord. Du får då tilgang til dine tidlegare søknader og slepp å legge inn alle opplysningar på nytt. 

Det foregår stadig svindelforsøk mot jobbsøkjarar i Norge. Derfor oppmodar vi om at de aldri må oppgje bankid-informasjon i søknadsprosessen. 

Vi har ikkje høve til å ta imot opne søknader, men ønsker deg velkommen til å søke på alle utlyste stillingar. 

Offentleg søkarliste

Vi gjer merksam på at namn på søkar til dei ulike stillingane kan bli gjort offentleg. Om du har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkarliste tek vi kontakt med deg før søkarlista vert offentleg. 

Politiattest

Du treng politiattest dersom du søker stilling innan barnevern, brannvern, helsepersonell, barnehage og skule. Du treng ikkje vise fram slik attest når du søker, men før du tek til i stillinga. Vi sender deg ei stadfesting på føremålet med attesten. Ein politiattest kan ikkje vere eldre enn tre månader.  

Du søker om politiattest elektronisk via politiet sine nettsider.

Wenche Elveseter
Personalsjef
E-post
Telefon 57 73 80 15
Mobil 48 02 15 35
Jostein Vagstad
HR-medarbeidar
E-post
Telefon 57 73 80 06