Budsjett og økonomiplan

Fjaler kommune sin økonomiplan er eit sentral politisk styringsdokument. Det første året i økonomiplanen utgjer årsbudsjettet for kommunen. Budsjettet omfattar heile kommunen si verksemd og gir ei oversikt over forventa inntekter og utgifter for eitt gitt år.

Økonomiplan vert vedteken for ein 4-årsperiode

Kommunen sin økonomiplan vert vedteken for ein 4-årsperioden og vert rullert årleg. Økonomiplanen er eit retningsgjevande dokument for utgifter, inntekter og prioriterte oppgåver i planperioden.

Det er kommunedirektøren som utarbeider framlegg til budsjett- og økonomiplan og legg denne fram for formannskapet. Formannskapet kan endre framlegget før dei sender det vidare til kommunestyret for endeleg vedtak. Kommunestyret vedtar formannskapet sitt framlegg til budsjett og økonomiplan kvart år i desember.

For at politikarar og andre skal få innsikt i korleis året faktisk vart, vert det kvart år utarbeidd årsrekneskap og årsmelding. Av desse dokumenta framgår økonomisk resultat og andre sentrale tiltak og aktivitetar i kommunen si drift for inneverande år.

Budsjett og økonomiplan 2024–2027 (Framsikt.no)

Budsjett - og handlingsprogram 2023–2026 (Framsikt.no) 

Budsjett og økonomiplan 2022–2025 (PDF, 3 MB)

Budsjett og økonomiplan 2021–2024 (PDF, 3 MB)

Annikken Myklebust
Økonomisjef
E-post
Telefon 57 73 80 53
Mobil 91 88 62 07