Personvernombod i samarbeid med fleire kommunar

Du kan kontakte personvernombodet om du treng hjelp eller det er noko du lurar på om kommunen sin lagring av personopplysningar eller personvern. 

Kva gjer personvernombodet?

Personvernombodet skal blant anna bidra til at verksemda:

  • Informerer om kva personopplysningar som vert samla inn og kvifor.
  • Held oversikt over opplysningane som vert behandla.
  • Gje innsyn til den opplysningane gjeld.
  • Kontrollerer tilgangen til opplysningane.
  • Ber om samtykke frå dei som det vert henta opplysningar frå før opplysningane vert behandla.
  • Beskyttar informasjonen slik at den ikkje kjem på avvege.
  • Vurderer risiko for tryggleiksbrot og konsekvensar av desse.
  • Slettar personopplysningar når det ikkje lenger er behov for desse.
     

Teieplikt

Personvernombodet har teieplikt, og kan ikkje få instruksjonar direkte frå kommunen si leiing.

Du kan finne meir informasjon om personvernombod på Datatilsynet sine heimesider.

Kontakt personvernombodet:

Fjaler kommune har samarbeid med andre kommunar i ytre Sogn og Sunnfjord om personvernombod. 

Personvernombod for SYS-kommunane er Carl Nyborg-Christensen. Kontaktinformasjon til personvernombodet er: