Digital utsending av faktura

Fjaler kommune sender faktura digitalt til våre kundar.
Dersom du har reservert deg frå å få elektronisk post og ikkje har ein av avtalane som er lista opp under, vil du framleis få fakturaen din heim i postkassen. Fakturaen frå oss vil no vere utan bankgiroblankett.

Slik får du faktura frå Fjaler kommune:
 

  • Avtalegiro eller eFaktura

Dersom du allereie har ein avtale med oss om Avtalegiro eller eFaktura, vil du fortsatt få fakturaen som før.

  • Vipps Faktura

Faktura via Vipps føreset at du er brukar av Vipps og har aktivert tenesta "Vipps Regninger". 

Meir informasjon om Vipps faktura finn du på Vipps.no

  • Digipost eller eBoks

Faktura via Digipost eller eBoks føreset at du har ein avtale med ein av desse, og at du ikkje har reservert deg frå å få post frå det offentlege.

Meir informasjon om Digipost og eBoks finn du på Norge.no 

  • E-post

Faktura blir sendt som vedlegg til e-post. Dette føreset at du er registrert med ein gyldig e-postadresse i kunderegisteret vårt. Du kan kontakte oss på post@fjaler.kommune.no om du ynskjer å få registrert e-postadressa di.
 

Tilbod om å inngå eFaktura-avtale

Om du er registrert med ein gyldig e-postadresse i kommunen sitt register, vil du få ein e-post med tilbod om å inngå eFaktura-avtale med Fjaler kommune. E-posten inneheld ei lenke som du må klikke på for å aktivere slik avtale. Det er sjølvsagt valfritt om du ynskjer å inngå slik avtale.
 

Konsekvensar for deg som nyttar brevgiro

Fakturaen frå Fjaler kommune er utan bankgiroblankett og kan ikkje nyttast til brevgiro. Då må du bruke ein tom bankgiroblankett og fylle ut naudsynt informasjon. Informasjonen som skal fyllast ut finn du på den tilsendte fakturaen frå oss. Tomme bankgiroblankettar får du i din lokale bank.


Har du spørsmål eller treng du hjelp?

Ta kontakt med økonomiavdelinga. Du finn kontaktinformasjon nedst på sida.

Turid Vågane
Konsulent økonomi
E-post
Telefon 57 73 80 10
Sissel irene Bringeland
Økonomikonsulent
E-post
Telefon 57 73 80 19