Om Fjaler kommune

Fjaler kommune har om lag 2900 innbyggarar og utgjer ein del av HAFS-regionen med eit samla folketal på om lag 10500.

Fakta om Fjaler kommune

Kommunen har eit landareal på vel 400 km2. På grunn av langstrakt form skifter landskapet frå typisk kystlandskap i vest til innland med relativt høge fjell i aust.

Fjaler kommune ligg på sørsida av Dalsfjorden. Det tek omlag 40 minutt å køyre frå kommunesenteret Dale til Lammetun lengst i vest som til Heggheim i Guddal lengst søraust. Den same tida tek det å køyre til regionsenteret Førde.

Etter regulering av kommunegrensene i 1990 gjekk alt landarealet på nordsida av Dalsfjorden til Askvoll og Gaular kommunar og kommunen fekk Våge krins lengst i vest.

I 2013 kom Dalsfjordbrua og -sambandet på plass og knyter saman Askvoll og Fjaler på ein ny og framtidsretta måte.

Skule og barnehage

  • Dingemoen skule, ein 1-10 skule som ligg i Dale
  • Flekke skule og barnehage
  • Våge skule og barnehage, skulen er ein 1-10 skule
  • Yksnebjør barnehage som ligg i Dale
  • Elvetun barnehage, ein privat barnehage som ligg i Dale

Sjå meir informasjon om skule og barnehage her på heimesida

Bygdene i Fjaler kommune:

  • Dale
  • Flekke
  • Guddal
  • Tysse
  • Straumsnes
  • Hellevik
  • Våge, Lammetun, Korssund, Grytøyra, Fure

Meir informasjon om dei ulike bygdene kjem!

Kultur og Fritid

Under arbeid