Webinar om fysiske tiltak i vassdrag 26. mars klokka 09.00–10.30

Statsforvaltaren, Vestland fylkeskommune og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) ønskjer velkomen til webinar om fysiske tiltak i vassdrag. 

På webinaret vil sakshandsamarar frå Statsforvaltaren, NVE og fylkeskommunen gje ei innføring i relevante lovverk og myndigheiter, retningsliner for kva tiltak som er søknadspliktige og presentere døme på ulike tiltak. I tillegg vil vi gjennomgå søknadsprosessen og vise eit konkret døme på korleis ein søker om løyve og kva søknaden må innehalde av informasjon for effektiv handsaming. 

Slik deltek du:

Det er ingen påmelding, du deltek direkete gjennom lenka nedanfor:

Delta på Statsforvaltaren sitt webinar om fysisk tiltak i vassdrag

Program

09.00 - Statsforvaltaren om forskrift om fysiske tiltak og kva som er søknadspliktige tiltak etter forskrifta. 
09.20 - Spørsmål
09.30 - NVE om deira rolle ved tiltak i vassdrag
09:50 - Spørsmål
10:00 - Fylkeskommunen om søknadsprosessen og innhald i søknaden
10:20 - Spørsmål

Sjå Statsforvaltaren si nettside for meir informasjon