Vil du vere fritidskontakt?

HAFS barnevernteneste treng fritidskontaktar til barn og unge i Fjaler, Askvoll og Hyllestad.

Å vere fritidskontakt vil seie å vere ei støtte for ein enkeltperson gjennom sosialt samvær og/eller følge til ulike fritidsaktivitetar. Til dømes kan ein gå turar, gå på kafé, kino, trening eller anna som gjev meining og gode opplevingar.

Som fritidskontakt bør du vere sosialt engasjert, ha evne til å finne på aktivitetar og finne glede i å hjelpe andre menneske. For å skape stabilitet for personen du skal hjelpe, bør du kunne binde deg over ein lengre periode, til dømes ½ år eller eitt skuleår.

Krav til søkar:

  • Vere over 16 år
  • Skaffe godkjent politiattest
  • Skrive under på teiepliktskjema

Fritidskontaktar lønast med kr. 180,-/t, og antal timar pr. månaf avtalast med barneverntenesta.

Kan dette vere noko for deg?

Ta kontakt med HAFS barnevernteneste for ein uformell prat på telefon 57 73 80 30