TV-aksjonen 2025 går til Atlas-alliansen - Bli bøsseberar du og!

Søndag 19. oktober går NRK TV-aksjonen av stabelen. I år går pengane som blir samla inn til Atlas-alliansen. Blir du med å gå med bøsse denne dagen?

Pengane som blir samla inn i år går til naudhjelp, utdanning og moglegheita for eit betre liv for menneske med funksjonshemming som lever i krig og fattigdom. 

På TV-aksjonen si heimeside kan du lese meir om kva pengane som blir samla inn går til

Slik melder du deg som bøsseberar:

Område der vi treng bøsseberarar:

  • Vi treng bøsseberarar til følgande roder i Dale og omegn:
    • Hatledalen, 2 bøsseberarar
    • Vassdalen (Lynje, Rakneberg, Stav, Strand), 1 bøsseberar 
    • Jarstad/Berge, 1 bøsseberar
    • Gota, Håland, Hålandsfossen, 1 bøsseberar
    • Skadalen, Ormehaugane, Sletteland, 1 bøsseberar
  • I  grendene Guddal, Flekke, Straumsnes, Våge og Hellevik er det grendelaga som vervar bøsseberarar, ta kontakt med leiaren i grendelaget eller sei JA dersom dei prøver å verve deg. Vi hjelper gjerne til med å formidle kontakt.
  • I Dale sentrum stiller elevar frå UWC opp kvart år og går med bøsse for TV-aksjonen

Vi håper å høyre i frå deg!

Helsing kommunekomitèen i Fjaler:

Marte Haugsbakk (leiar), Kjetil Felde, Randi Engen og Mark Taylor.
 

Kvinne i rullstol. Tekst over biletet som oppmodar om å bli bøsseberar for TV-aksjonen - Klikk for stort bilete