Tenk tryggleik og klipp hekken før skulestart

Viser siktsone for klipp av hekk slik det og står i teksten at Når du står tre meter inn i avkøyrsla di skal du ha minst 30 meter fri sikt i kvar retning langs gang- og sykkelvegen, ifølge lova. - Klikk for stort bilete Statens Vegvesen

Små barn på skulevegen blir lett usynlege bak store hekkar og busker. Dette kan føre til farlege situasjonar i trafikken. Vi oppmodar folk om å klippe hekkane i samband med skulestart.

Høge busker ved avkøyrsler eller store greiner som heng ut i vegkryss kan gjere det svært uoversiktleg for bilistar, syklistar og gåande. Dette er eit aukande problem i sommarmånadane.

Trafikantane mistar ikkje berre sikt, men kan også gå glipp av viktig informasjon når skilt langs vegane vert skjulte av grøne buskvekstar.

Ein lovpålagt klipp

Folk som bur langs trafikkerte vegar må klippe hekkar og busker på eigedomane sine, av omsyn til eigen og andre sin tryggleik

I desse dagar startar barna på skulen igjen og vi ynskjer at flest mogleg skal gå og sykle der det er mogleg. Då må det leggast til rette for at det kan skje på ein sikker måte. Barna må vere synlege langs vegane.

Å syte for fri sikt er så viktig at ansvarstilhøva er nedfelt i veglova. Det er du som bur ved vegen som er ansvarleg for å klippe hekk og busker på eigedommen din. Det skal vere god sikt ved vegkryss og ved avkøyrsla. Mange bilistar må også krysse gang- og sykkelvegar for å køyre ut på vegen. Då må dei lett kunne sjå både små og store trafikantar.

Hekk og gjerde skal heller ikkje vere høgare enn 50 centimeter ved avkøyrsla

Når du står tre meter inn i avkøyrsla di skal du ha minst 30 meter fri sikt i kvar retning langs gang- og sykkelvegen, ifølge lova. Hekk og gjerde skal heller ikkje vere høgare enn 50 centimeter ved avkøyrsla.

Om avkøyrsla munnar ut i ein veg med fartsgrense 50 km/t, må det vere fire meter fri sikt inn og 45 meter til kvar side når du står inne i avkøyrsla di.

Les meir om klipp av hekk og busker på Statens Vegvesen si heimeside